onsdag 5. desember 2012

Litt humor i adventstida :)

Eg har hatt det litt travelt i det siste. Vi held på å pusse opp badet. å det har vi styrt på med i 6 mnd, å no er det begynt å haste for å få det ferdig ;) hohoho :) Det er litt travelt med 1 do når det knip om, å det spesielt om morgonane når vi er 6 stk som skal slåst om det. No er vi leide av slostinga så no skal vi gjere oss ferdige. Status no er at vi har flisa golv og 2 veggar, så då er vi på god veg :) Når eg gav meg i går kveld kjente eg at eg holdt på å bli sjuk, å når eg våkna i dag var eg heilt sikker på at eg var det! :( Akkurat det passa steikje dårlig då eg skulle til bya i dag på både MR og røntgen. Eg sov heile veien opp, å eg sov under MR og jammen var eg på vei til å sovne under røntgenen og. Eg er eit sovedyr!

Eg har og vore å sett etter ny julekjole i dag.  Etter at eg slutta å røyke for eit år sidan har eg lagt på meg ein god del, så dei kjolane eg har passa vel helst til dei som ikkje et, ihvertfall litt mindre enn det eg gjer :)
Søskenbarnet mitt var forresrten med for å hjelpe meg å velge! Eg plukka med meg eit rikt utvalg av kjolar som eg likte, og trakka til næraste prøverom. Den eine etter den andre vart avskrevet, å eg banna litt å lurer på kor andre damer som treng over størelse M finn noko som passar. Eg må berre sei, at den kjolen eg likte best på hengarer, en mellomlang svart med millionar av svarte paljettar, var den som skuffa meg mest. Eg hadde stolpetru på den kreasjonen, å eg gleda meg til å prøve den.... DEN VAR FORFERDELIG STYGGE! Vertfall på meg!! Det er helt sant det eg fortel no, eg såg ut som ein orm som akkurat hadde ete ein heil hjort. Fyttikatta! Eg tårde meg ikkje ut av prøverommet ein gong, så slekta måtte kike inn for å få sjå. Å når eg sa kva eg syns eg likna på, så knakk ho i hop av latter. Eg lo eg og, men det var vel mest for å beskytte meg sjøl....trur eg..., å når mora kom å ho og fekk sjå kor eg såg ut, å eg ymta frampå om ormelockaliken, så lo ho og godt.... Heldigvis tek eg ikkje meg sjøl så høgtidelig, så eg takla det veldig bra! :)  Eg har vurdert å bli litt anorektisk (humoristisk) men eg klarer det ikkje. Her for ei tid sidane fekk eg føre meg, at å ete salat gjer en slank, å når eg den tredje dagen sat å drakk cola til, å fant eg ut at det ikkje var veldig sunt lenger!? :) hihihi :)

Bilda eg legg ut i dag er ikkje av kjolen eg prøve, men av den heimelaga adventstaken eeg har laga. Den er støypt som ei stjerne! Det blir vel berre i år den blir brukt som adventsstake! 


 Oppå har eg lagt litt julepynt som eg hadde ligganer!


Så kva syns du! Som du forstår tåler eg nesten det meste, så her er det berre å komme med meiningar :) 


No er det kveld å eg skal legge det febersjuke haudet på puta.
God natt!! :)

3 kommentarer:

  1. Takk for at du ga meg en god latter. Kjenner meg også igjen i det å ikke ha et ønske om å gå ut av prøverommet :))
    Hjemmelagd er vellagd! Staken var fin den :)
    Fin torsdag til deg.
    Klem

    SvarSlett
  2. Herlig fortelling !!!
    Hvem er ikke borti dette dilemmaet etter røykeslutt :)))
    8 kilo opp på 10 år, og jeg liker det ikke, og ikke er de lett å få bort heller :(((

    Knallfin adventstake du har laget deg !! Tommel opp :)

    Lykke til i jakten på julekjolen
    Klem Heidi

    SvarSlett
  3. Hehe, nå lo jeg godt!
    Du beskriver en situasjon jeg tror flere kjenner seg igjen i ;) fantastisk lesning :-))

    Nydelig adventstake - fantastisk fin!
    Ha en fin kveld :-)
    Klemmer

    SvarSlett