søndag 25. november 2012

Siste søndag i november


No går eg til fjells for å finne meg to små grantre som eg skal ha i nokon
gamle zinkspann i kjellaren.  Her må ein nytte veire, då det utrulig nok er opplett i 
dag. Ikkje så ofte vi kan skryte av det her på disse trakter.
 Spanna har eg funne i ei gammal løde 
som svigerfaren min eig. Heldigvis syns han ikkje noko om slike gamle
ting, så derfor gjer det ingenting at eg tek dei :) LYKKE!!

Mannen er nok ikkje like begestra som eg, men det bryr eg meg ikkje 
så mykje om. Han synest som regel det er greit når han ser det ferdige resultatet. 

Eg skal og brette meg nokon stjerner som eg skal ha i dei, då eg ikkje fant nokon 
for salg. Håpar eg får det til no då :))

Mellom turar til Ålesund (3 gongar denne veka) og unga, så held vi på 
å pusse opp eit bad. Elektrikar og rørleggar har vore her no, så då er det snart på tide å 
legge flisar. Det gledar eg meg til! Eller eg gledar meg til det er ferdig :) 
1 bad på 6 persona skapar en del krangling... Å no har vi krangla....litt forlenge!

Tar med eit bilde av skapet eg har på kjøkenet som oldefaren til mannen min har laga. 
Her har eg gammalt service frå svigerfars gamle hus. 


Neste søndag er det første søndag i advent, å eg gledar meg som ein liten unge! 
Snart jul!!

Ha ein super søndag!



fredag 23. november 2012

Ødelagt kameraet mitt...

Eg som var i full sving å rydda å styra på, for i dag skulle det bloggast. Skulle berre skifte linse før eg skulle ta bilde. Då såg eg at nokon hadde tatt innpå den speilen som er inni kamera, å det såg ikkje heilt bra ut.... Skulle berre tørke vekk avtrykket, å det resulterte i at eg sto der med ei lita  fjør i handa, å eit kamera som berre viste svarte bilde. Eg fall ei lita tåre då, å eg har vore lei meg resten av dagen. 

Det kunne ikkje bli verre enn det, for eg er avhengig av kameraet. 
Det er no på vei til reparasjon,  å eg kryssar fingrane for at eg får  det att tidlig neste veke :))

(Btw, Blogging frå telefonen er noko herk) 
Skrivefeil, bilde med dårlig kvalitet og som at på til ligg... 
Siste gongen! Måtte innom dataen å sjekke kor det vart, å det er eg glad for at eg gjore. No har eg sletta bilde, retta  skrivefeil (trur eg), og blada meg nedover nokon gamle bilder for å finne eit å legge ut 

Kongleskåla mi :) 

Ha ein super helg!!

Nina

lørdag 17. november 2012

Lørdag :)

Eg har, i år som tidligare år, kjøpt meg nokon nye julekuler. Her er bilde av nokon av dei! 
Jula i år og blir kvit, å eg gleda meg som ein liten unge til å få pynte! 
Det er det kjekkaste med heile jula!! 


Eg har pynta Norgesglasa mine som eg har julekakeformer i :) Syns dei er veldig dekorative!




 Har eg fortalt deg at eg har tvillinga? Det har eg! Eg er jammen bra heldige :) Ho her har eg fått tatt portrettbilde av i dag! Eg held på å teste ut den nye linsa eg har kjøpt meg (portrettlinse) Utrulig  kjekt å ha :) 
Tvillinga ja :) Ho er den eldste av jentene, 1 minutt eldre enn systå!  Nyttårsbarnet år 2000! Tvillingane mine er ikkje enegga! Nokon rota å sei feil navn likavel, men det er fordi dei rota i hop navna deira. Ho her har  lysegrøne auge, men systå har blå! Ho er ei skikkelig humørspredar :)

Ha en super lørdag :)


lørdag 10. november 2012

Overnattingsbesøk


Det har vore en del knising og fnising på dei 4 jentene i natt, men det er no berre kjekt med slike godlydar! Det er ikkje så ofte dei får ha overnattingsgjestar her i huset, for når en har 4 sjøl har en ofte nok med berre sine egne. Men av og til må en sette til side egne ønsker, så derfor forslo eg for tuttene mine at dei skulle få invitere 2 i klassa på overnatting! Det skal ikkje mykje til for å glede 2 jentene mine på 12! Dei vart kjempeglade for at dei fekk lov ! 
Her er eit bilde frå frokosten :)


Å her er bilde av frokosten ;) Det er  ikkje alle som likte så godt frokost, 
derfor fekk  ho "leftovers" frå i går kveld ;)
(psst! Eg er god på pizza)





Ha ein fin lørdag - her har eg tru på at lørdagen blir kort då fredagen vart utrulig lang ;)


Klem


torsdag 8. november 2012

Eg har starta på julehandelen.... :)

 Eg har vore på handletur i dag!
Gleda meg til jul, ja!! Det skal bli såååå kjekt
 å pynte med alt det fine eg har funne tak i i dag! :)

 Du skal få sjå meir i morgon! Må berre kvile meg litt etter ein litt travel dag! 


Det var godt å få heim eldstemann som har vore vekk på hybel med 
nokon kompisar... Det gjer godt for eit mammahjerte at han ligg i senga si å søv <3 

Natta!



tirsdag 6. november 2012

I ei gammal meierikasse på kjøkkenet

 Opp på kjøleskapet har eg ei gammal meierikasse. I den har eg innpakningsparir som eg har samla. 
Eg blir så glad når eg er innom butikkar som legg sjela si i å pakke inn gaver, for det er akkurat slik eg er og :)  Eg likar at det eg skal gi frå meg ser skikkelig ut! 


Eg må innrømme at når eg ikkje skal kjøpe gaver, men ein ting til meg sjøl, spør eg gjerne om å få med litt innpakningspapir....  Er det frekt? 


Å når eg får gåver med sjarmerande papir så tek eg og vare på det.
Det er ikkje like gale som bestemor, for ho samla på alt!

Eller er eg kansje snart blitt som mi bestemor, for eg samlar på en del eg og.... :)


 Dekorativt er der vertfall :) 


Ha ein super dag!


lørdag 3. november 2012

"Trehus"



Då eg sto med den lyse turkise fjøla å skulle til å ha den i ovenen, kom eg på noko eg 
såg på basiclabelsweden si side. Eg skulle lage meg tøffe "trehus" som eg skulle ha til pynt!
Eg fant fleire fjøler som var veldig gamle, å saga til ein trekant til tak!

Eg syns dei vart veldig fine, så neste gong eg skal hente ved, så kjem
 eg nok til å sjå etter fleire fjøler med sjarm, for eg kjem nok til å lage fleire "trehus"!





Kansje du og vil prøve deg på å lage "trehus"?



Håpar du likte "trehusa" mine! 

Klem