søndag 30. juni 2013

Heimelaga muffinsformer!

Pavlovamuffins i heimelaga muffinsformer! 


Når en bur på ein slik avsidesliggane stad som eg bur på, så skal en ikkje rekne med å finne alt en treng på butikken. I krisesituasjonar må en ty til alernative løysinga, eks. når en treng muffinsformer.  Det er ikkje det at en ikkje får kjøpe muffinsformer på butikken, men eg syns dei kvite kjedelige frå unil er veldig lite fristande. Derfor måtte eg prøve å kamuflere dei! :)


Kva kan en bruke? 
Eg hadde ikkje så mykje å lage av, så det vart noko gråpapir eg hadde liggande
(innpakningspapir funka og veldig godt om du har noko du har spart på) 
Ein kopp eller eit glas som passa til dei kvite formene.
2 gelantinplater som en løyser opp som på pakken
(eg testa med sukkerlake, med det vart dårlige saker)
Hyssing eller anna styr å pynte med om ein vil ha det :)  

Set glaset midt på papiret og pensl på gelantin rundt


Legg papiret opp på glaset med gelantinen på utsida


Press omgåande papiret rundt glaset å hold det til det har limt seg fast.



 Om du vil ha blondar eller hyssing rundt så festar du den på før du tek den av glaset og helst før gelantinen er stivna 

Slik!!

Pavlovamuffins er veldig godt!  
Tips:
Isteden for å bruke vaniljekrem tek eg 1 pk fløyte som eg har i 1/2 ts vaniljesukker, 1/2 pk vaniljesaus (for koking), og 1 ts melis. Piska det til passelig konsistens. Denne varianten renn ikkje utover! 


 Desse laga eg til venninda mi som reiste på ferie :)


Desse var til skuleavsluttninga til eldste sonen min som gjekk ut av 10 i år 


Kva syns du??

torsdag 14. februar 2013

Travelt?!

Det har våre litt travelt i det siste! I helga har det våre UKM her i bygda, å med to ungar som deltok, og en som var med å arrangerte, så krev det litt av mor. Tenker då på sceneskrekk, ukontrolert biting av negler, søvnlause netter og manglande inntak av mat. Det er litt stressande det her!

Å kor det gjekk?  
Fantastisk bra! 
Eg veit ikkje om eg kan klare å legge ut den dårlige filmen eg filma med dei skjelvande henda mine, men eg skal prøve ein annan dag! 




 Alt som står på bordet utenom fatet og iq-testen, har eg kjøpt på ein bruktbutikk! Duken var ein av favorittane :)




Desse kvite telysestakane har eg lakka i gullfarge inni sjøl. Kjøpte spraylakk på Biltema, å no går eg rundt å lurer på kva anna eg kan spraye i gull :) 



Dei rosa rosene eg fekk til morsdagen står like fint i dag som då eg fekk dei! Eg likar veldig godt roser! Favorittblomane mine!! Eg kunna hatt dei i tusental rundt meg, å det i alle fargar!

Nina