No går eg til fjells for å finne meg to små grantre som eg skal ha i nokon
gamle zinkspann i kjellaren. Her må ein nytte veire, då det utrulig nok er opplett i
dag. Ikkje så ofte vi kan skryte av det her på disse trakter.
Spanna har eg funne i ei gammal løde
som svigerfaren min eig. Heldigvis syns han ikkje noko om slike gamle
ting, så derfor gjer det ingenting at eg tek dei :) LYKKE!!
Mannen er nok ikkje like begestra som eg, men det bryr eg meg ikkje
så mykje om. Han synest som regel det er greit når han ser det ferdige resultatet.
Eg skal og brette meg nokon stjerner som eg skal ha i dei, då eg ikkje fant nokon
for salg. Håpar eg får det til no då :))
Mellom turar til Ålesund (3 gongar denne veka) og unga, så held vi på
å pusse opp eit bad. Elektrikar og rørleggar har vore her no, så då er det snart på tide å
legge flisar. Det gledar eg meg til! Eller eg gledar meg til det er ferdig :)
1 bad på 6 persona skapar en del krangling... Å no har vi krangla....litt forlenge!
Tar med eit bilde av skapet eg har på kjøkenet som oldefaren til mannen min har laga.
Her har eg gammalt service frå svigerfars gamle hus.
Neste søndag er det første søndag i advent, å eg gledar meg som ein liten unge!
Snart jul!!
Ha ein super søndag!